Henderson Hill er ein isfri ås 0,8 nautiske mil nordaust for Mount Falconer, med ei høgd opp mot 700 moh på nordsida av Taylor Valley i Victoria Land i Antarktis. Namnet Henderson Hill finst på eit skissekart frå 1968 laga av Victoria University of Wellington Antarctic Expedition (VUWAE), 1965–66, og er truleg kalla opp etter Robert A. Henderson, eit medlem av feltgruppa frå VUWAE og seinare tilsett ved Museum of Comparative Zoology ved Harvard University.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Henderson Hill» (innhald frå Geographic Names Information System).