Landsbyen vart grunnlagd i 1980 og fekk namn frå ein gammal jødisk busetjing i området og fordi somme av innbyggjarane arbeidde som smedar.
Klima
Harashim har eit varmt middelhavsklima (Köppen si klimaklassifisering: Csa) med varme, tørre somrar, og kjølige, regnfulle vintrar. Nesten alt regnet kjem mellom oktober og mai og sommaren er vanlegvis heilt utan regn. Nedbøren kan av og til koma som snø om vinteren. Harashim er med ein årleg nedbør på 986 mm den våtaste folkesette staden i Israel.[1]