Avtalion (אַבְטַלְיוֹן) er ein fellesbusetnad nord i Israel. Han ligg i Galilea sør for Arraba, og høyrer til Misgav regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 320.[1]
Landsbyen vart grunnlagd i 1987 som ein moshav shitufi, og vart kalla opp etter Abtalion, ein rabbinsk vismann tidleg i før-Mishnah-tida. Han vart sidan omgjort til ein fellesbusetnad.
Kjelder