Parken er eigd av Corporation of London, som òg forvaltar det meste av parken. Kenwood-området (0,5 km²) forvaltast av English Heritage. Det meste av parken (2,8 km²) ligg i bydelen Camden. Dei attverande 0,4 km² blir kalla Hampstead Heath Extension og ligg i bydelen Barnet.
Blant stasjonar nær parken er Gospel Oak og Hampstead Heath på North London-linja i sør, Hampstead og Golders Green på Northern-linja i vest, og Highgate og Archway på Northern-linja i nord. Ved den sørlege spissen av parken ligg Lido utandørsbasseng, og nordover nær Highgate er to dammar der symjing er tillate. Andre dammar blir brukt ulikt til fisking, modellbåtar og for dyreliv. Delar av området er kjent som sjekkestad for homoseksuellemenn ved nattetid.