English Heritage er ein britisk veldedig organisasjon med ansvar for å bevara og administrera historiske monument i England og for administrasjon av bygningsvern.
Han er mest kjend for å administrera ei lang rekke historiske og arkeologiske stader, frå Stonehenge til den eldste jernbrua i verda i Ironbridge. Han har òg ansvar for konservering, rådgjeving, registrering og vern av historiske miljø.
1. april 2015 blei English Heritage delt i to delar: Historic England og ein ny institusjon som overtok namnet som English HeritageTrust.