Park (gjennom fransk, frå mellomalderlatin parricus, 'inngjerding, dyrehage') er eit avstengd grøntareal laga for å verna eller nyta landskapet. Ein park kan vera eit større fredanaturområde eller eit grøntanlegg som gjerne er etablert i ein by eller ved ein bygning. Parkar kan nyttast til å gå tur i, leika og slappa av i. Dei er ofte omtalt som «grøne lunger» eller «pustehol» i oppbygde område.