Hall Nunatak er ein liten nunatak kring 2 nautiske mil søraustover frå Thomas Nunatak, som ligg langs isskrenten ved toppen av Minnesotabreen i Ellsworth Mountains i Antarktis. Han vart namngjeven av geolog-gruppa frå University of Minnesota til desse fjella (1963–64) etter George S. Hall, sjef for helikoptermannskapet i US Army 62. Transportion Corps Detachment, som assisterte gruppa.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hall Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).