Greenwich Island (tidlegare Sartorius Island, Berezina Island) er ei øy som ligg mellom Robert Island og Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane. Ho er 24 km lang og kring 5 km brei og dekkjer 142,7 km².[1] Namnet på øya går minst attende til 1821.
Den chilenske basen Arturo Prat og den ecuadorianske basen Pedro Vicente Maldonado ligg høvesvis på nordaust- og nordkysten av øya.