Gouldbreen er ein isbre, 22 km lang, på austkysten av Graham Land i Antarktis, som flyt søraustover og ut i Millfjorden, vest for Aagaardbreen. Han vart først kartlagt av Falklands Islands Dependencies Survey i 1946–47, og namngjeve «East Gouldbreen». I lag med «West Gouldbreen» vart han rapportert å fylle eit tverrgåande søkk over Graham Land, men ytterlegare landmåling i 1957 avslørte at det ikkje var noko topografisk samanheng mellom dei to. Namnet Gouldbreen, etter Rupert T. Gould, ein britisk polarhistorikar og kartograf, vert i dag berre nytta om denne breen, medan den vestlege breen har fått namnet Erskinebreen.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gouldbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).