Gotarar

Det grøne området er den tradisjonelle utstrekningen av Götaland og det mørkerosa området er øya Gotland. Det raude området er utstrekkinga til Wielbark-kulturen tidleg på 200-talet og det oransje er Chernyakhov-kulturen tidleg på 300-talet. Det mørkeblå området er Romarriket.

Gotarane eller gotane er nemninga på eit av dei største og fremste germanske folkeslaga i folkevandringstida. Dei hadde to hovuddelar: ostrogotane eller austgotarane, og visigotane eller vestgotarane. Mange andre kjende og ukjende folk var knytte til gotane, som gjevdane eller gepidane.

Ifølgje sine eigne overleveringar utvandra gotarane frå Skandinavia (hovudsakleg Gotland og Götaland), vandra sørover, og erobra delar av Romarriket. To nærståande stammar, gutar og götar, blei igjen i Skandinavia.

Gotarane spelte ein viktig rolle i romersk historie etter at dei først dukka opp ved Donaugrensa av Romarriket200-talet. Dei grunnla store statar på området til det vaklande Vestromarriket, men blei nedkjempa av Austromarriket. Dei blei gradvis absorberte eller fortrengde i løpet av 500- og 600-talet.

Gotisk er det eldste nedskrivne germanske språket.

Opphav

Historisk reknar ein med at gotarfolka kom frå landa kring Austersjøen, mest truleg øya Gotland eller kanskje landskapa Östergötland og Västergötland i Sverige. Frå søre Skandinavia drog dei opp etter elva Wisla i Polen, der dei er nemnde kring 150, og busette seg med tida på sletta nord om Svartehavet. Gepidane slog seg ned i Pannonia, Vestgotane i Dacia, og Austgotane i Skythia. Her oppretta dei tre kongedøme, og det austgotiske var langt på veg det største av dei.

Kring 238 herja gotarhærane etter strendene av nedre Donau. Samstundes verva fleire av dei seg i den romerske hæren og slost under keisar Gordianus III mot persarane. I 251 vann gotane ein avgjerande siger over romarane under kong Kniva, og keisar Decius fall. I åra etter gjorde dei ei lang rekkje strandhogg i dei greske og romerske områda på 200-talet, og brann mellom anna Efesos i 270. Det er rekna som sannsynleg at gotane endeleg skilde lag i ulike kongedøme noko før 300.

Austgotarkongedømet

Austgotane vart òg kalla greutungar, og vart styrt av ei kongeætt som kalla seg amalar. Tidleg på 300-talet vart austgotane kristna av Wulfila, og kom på betre talefot med keisaren i Konstantinopel. Kongedømet vara ved til om lag 375, då Hunarane kom og kasta det over ende. Dette sette i gang Folkevandringstida i aust, men austgotarane vart verande under hunisk styre i mange år. Mange av dei gjekk inn i den huniske hæren, og dei fekk bu i Pannonia ei tid, til kong Attila døydde i 453. Etter dette samla dei seg og oppretta eit kongedøme i Italia, under kong Theoderik den store. Dette kongedømet vara ved til om lag 550, då den bysantinske keisaren knuste det.

Vestgotarkongedømet

Ringen til gotarkongen Alarik II frå 500-talet.

Vestgotane, som kalla seg terwingar, i Dacia, vart drivne vestpå, og kom som dei under hardt press i åra fram mot 400. Dei fekk ei tid lov til å halde seg i Illyria, mot å virke som landevern for romarane. Den fremste av hovdingane deira på denne tida var Alarik, som rekna seg som etterfølgjar av Frithigern, som hadde vunne på romarane i Slaget ved Adrianopel i 378. Då Alarik oppdaga at rettane hans som landeverje vart dregne attende av keisar Honorius, valde han å gå mot Roma, og plundra Roma i 410. Han døydde i søre Italia, og folket hans fór vidare til dei kom til Spania og oppretta eit rike der, som vara ved til det vart velta av maurarane i 711. Etterkomarane av desse vestgotarane oppretta dei første kongedøma nord for dei mauriske områda, byrjinga på det moderne Spania.

Gepidane

Gepidarkongedømet vart oppretta i Pannonia etter at hunarkongen Attila fall i 454, og vara til 552, då det vart velta av langobardarane, som drap den siste kongen der.

Krimgotane

Etter dei fleste gotane fór av mot vest, vart somme att i aust og vart buande på Krimhalvøya. Det er uvisst om desse var av det gotiske hovudfolket eller av eitkvart germanske sambandsfolket. Desse gotane heldt språket sitt levande vissa til inn på 1500-talet, då dei vart oppdaga av ein nederlandsk kjøpmann, som skreiv ned noko av språket deira og laga ein grammatikk over det. Dette målet døydde venteleg ikkje ut før noko etter folkeflutnaden i 1783.

Arven etter gotane

Døme på det vi no kallar gotisk arkitektur, frå slottet Haapsalu i Estland.

renessansen byrja i Italia på 1300-talet, vart mellomalderen rekna frå 410 og Alariks plundring av Roma. Renessansehumanistane ønskte i mangt ei oppreising for Italia, og skulda gotarane for heile mellomalderen og den følgjande nedgangstida. Då det var franske og tyske hærfolk i Italia på same tid, vart desse sett i spann med gotarane, og den franske mellomalderkulturen vart kalla «gotisk» av dei italienske humanistane. Slik oppstod nemninga «gotisk» kunst, med tanke på spissbogen i katedralane, slik det var vanleg i Frankrike på same tid.

romantikken kom, vart det ein auka interesse for mellomalderen i Europa, og nemninga «gotisk» følgde med. Mellomalder-romanar vart difor gjerne kalla «gotiske», og sidan dei hadde med seg ein dose skrekkromantikk, vart gotisk, eller Goth, snart ei nemning på eit særskilt slag litteratur og biletkunst. Frå dette kom det seinare ein heil subkultur for vestleg ungdom.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Bøker

  • Andersson, Thorsten (1996): «Göter, goter, gutar» in Journal Namn och Bygd, Uppsala.
  • Mastrelli, Carlo Alberto i Volker Bierbauer et al: I Goti, Milan: Electa Lombardia, Elemond Editori Associati, 1994.
  • Graf E.C. Oxenstierna: Die Urheimat der Goten. Leipzig, Mannus-Buecherei 73, 1945 (later printed in 1948).
  • Bell-Fialkoff, A.: The Role of Migration in the History of the Eurasian Steppe, London: Macmillan, 2000.
  • Dabrowski, J. (1989): Nordische Kreis un Kulturen Polnischer Gebiete. Die Bronzezeit im Ostseegebiet. Ein Rapport der Kgl. Schwedischen Akademie der Literatur Geschichte und Alter unt Altertumsforschung über das Julita-Symposium 1986. Ed Ambrosiani, B. Kungl. Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien. Konferenser 22. Stockholm.
  • Findeisen, Joerg-Peter: Schweden - Von den Anfaengen bis zur Gegenwart, Regensburg: Verlag Friedrich Pustet, 1998.
  • Heather, Peter: The Goths (Blackwell, 1996)
  • Hermodsson, Lars: Goterna - ett krigafolk och dess bibel, Stockholm, Atlantis, 1993.
  • Kaliff, Anders: Gothic Connections. Contacts between eastern Scandinavia and the southern Baltic coast 1000 BC – 500 AD. 2001.
  • Nordgren, I.: The Well Spring of the Goths : About the Gothic peoples in the Nordic Countries and on the Continent (2004)
  • Nordgren, I.: Goterkällan - om goterna i Norden och på kontinenten, Skara: Vaestergoetlands museums skriftserie nr 30, 2000.
  • Rodin, L. - Lindblom, V. - Klang, K.: Gudaträd och västgötska skottkungar - Sveriges bysantiska arv, Göteborg: Tre böcker, 1994.
  • Schaetze der Ostgoten, Stuttgart: Theiss, 1995. Studia Gotica - Die eisenzeitlichen Verbindungen zwischen Schweden und Suedosteuropa - Vortraege beim Gotensymposion im Statens Historiska Museum, Stockholm 1970.
  • Tacitus: Germania, (with introduction and commentary by J.B. Rives), Oxford: Clarendon Press, 1999.
  • Wenskus, Reinhard: Stammesbildung und Verfassung. Das Werden der Frühmittelalterlichen Gentes (Köln 1961).

Read other articles:

Artikel ini tidak memiliki referensi atau sumber tepercaya sehingga isinya tidak bisa dipastikan. Tolong bantu perbaiki artikel ini dengan menambahkan referensi yang layak. Tulisan tanpa sumber dapat dipertanyakan dan dihapus sewaktu-waktu.Cari sumber: Bendelan, Binakal, Bondowoso – berita · surat kabar · buku · cendekiawan · JSTOR BendelanDesaNegara IndonesiaProvinsiJawa TimurKabupatenBondowosoKecamatanBinakalKode pos68251Kode Kemendagri35.11.20....

 

نيو هايد بارك     الإحداثيات 40°43′56″N 73°41′05″W / 40.7322°N 73.6847°W / 40.7322; -73.6847  [1] تقسيم إداري  البلد الولايات المتحدة[2]  التقسيم الأعلى مقاطعة ناسو  خصائص جغرافية  المساحة 2.22565 كيلومتر مربع2.226377 كيلومتر مربع (1 أبريل 2010)  ارتفاع 32 متر  عدد �...

 

American convicted murderer (born 1934) This article has multiple issues. Please help improve it or discuss these issues on the talk page. (Learn how and when to remove these template messages) This biography of a living person needs additional citations for verification. Please help by adding reliable sources. Contentious material about living persons that is unsourced or poorly sourced must be removed immediately from the article and its talk page, especially if potentially libelous.Find so...

This article includes a list of references, related reading, or external links, but its sources remain unclear because it lacks inline citations. Please help improve this article by introducing more precise citations. (November 2021) (Learn how and when to remove this template message)Argentine football club Football clubAltos Hornos ZaplaFull nameAsociación Cultural y Deportiva Altos Hornos ZaplaNickname(s)MerenguesFounded4 January 1947; 77 years ago (1947-01-04)GroundEsta...

 

Saint-Domingue1795–1809 Bendera Lambang Kekaisaran Prancis Pertama StatusKoloni PrancisIbu kotaSanto DomingoBahasa yang umum digunakanBahasa Prancis, Bahasa SpanyolPemerintahanRepublik (1792-04); Kekaisaran Pertama (1804-09)Gubernur • 1801–1802 Toussaint Louverture• 1809 Jen. Dubarquier Sejarah • Perdamaian Basel 22 Juli 1795• Kembalinya kekuasaan Spanyol 9 Juli 1809 Luas76.192 km2 (29.418 sq mi)Mata uangLivre Saint-Domingue, Peso ...

 

Street in Stockholm, Sweden Upper section of Slottsbacken in front of the Royal Palace and the cathedral. Slottsbacken in Stockholm during the 1780s. From right to left: Stockholm Palace, Storkyrkan, Bollhuset Theatre and the Tessin Palace. Drawing, Martin Rudolf Heland. Slottsbacken (Swedish: [ˈslɔ̂tːsˌbakːɛn], Castle Slope) is a street in Gamla stan, the old town in central Stockholm, Sweden. It stretches east from the Stockholm Cathedral and the Royal Palace down to the stre...

Víctor Griffith Nazionalità  Panama Altezza 174 cm Peso 75 kg Calcio Ruolo Difensore Squadra  Árabe Unido CarrieraSquadre di club1 2016-2018 Tauro2 (0)2018-2021 Santos de Guápiles43 (0)2021-2022 Árabe Unido27 (1)2022-2023 Portland Timbers U2341 (2)2022-2023 Portland Timbers1 (0)2024- Árabe Unido0 (0)Nazionale 2017 Panama U-175 (0)2018-2019 Panama U-2010 (0)2020- Panama1 (0) 1 I due numeri indicano le presenze e le reti segnate, per le sole partit...

 

Deputi Bidang Sumber Daya Manusia Aparatur Kementerian Pendayagunaan Aparatur Negaradan Reformasi BirokrasiSusunan organisasiDeputiDr. Ir. Alex Denni, M.M.[1]Kantor pusatJl. Jend. Sudirman Kav. 69 Jakarta Selatan - 12190 IndonesiaSitus webhttps://www.menpan.go.id/site/ Deputi Bidang Sumber Daya Manusia Aparatur merupakan unsur pelaksana pada Kementerian Pendayagunaan Aparatur Negara dan Reformasi Birokrasi Republik Indonesia yang berada di bawah dan bertanggung jawab kepada Mente...

 

Municipal unit in Gjirokastër, AlbaniaDropull i Sipërm Άνω ΔρόποληMunicipal unitDropull i SipërmCoordinates: 39°55′N 20°18′E / 39.917°N 20.300°E / 39.917; 20.300Country AlbaniaCountyGjirokastërMunicipalityDropullPopulation (2011) • Municipal unit971Time zoneUTC+1 (CET) • Summer (DST)UTC+2 (CEST) Dropull i Sipërm (Greek: Άνω Δρόπολη, Ano Dropoli) is a former municipality in the Gjirokastër County, south...

دوري كرة القدم الإسكتلندي الدرجة الأولى 1986–87 تفاصيل الموسم دوري كرة القدم الإسكتلندي الدرجة الأولى  [لغات أخرى]‏  البلد المملكة المتحدة  البطل نادي غرينوك مورتون  مباريات ملعوبة 264   عدد المشاركين 12   دوري كرة القدم الإسكتلندي الدرجة الأولى 1985–86  دو...

 

Bodolz Stasiun kereta api Bodolz-Enzisweiler Lambang kebesaranLetak Bodolz di Lindau NegaraJermanNegara bagianBayernWilayahSchwabenKreisLindauPemerintahan • MayorStephan Bock (UBB)Luas • Total3,03 km2 (117 sq mi)Ketinggian429 m (1,407 ft)Populasi (2013-12-31)[1] • Total2.966 • Kepadatan9,8/km2 (25/sq mi)Zona waktuWET/WMPET (UTC+1/+2)Kode pos88131Kode area telepon0 83 82Pelat kendaraanLISitus webwww.geme...

 

English writer DameRose MacaulayDBEPencil sketch of Rose MacaulayBornEmilie Rose Macaulay(1881-08-01)1 August 1881Rugby, Warwickshire, EnglandDied30 October 1958(1958-10-30) (aged 77)NationalityEnglishCitizenshipUnited KingdomEducationOxford High School for GirlsAlma materSomerville College, OxfordNotable works They Were Defeated (1932) The World My Wilderness (1950) The Towers of Trebizond (1956) Notable awardsJames Tait Black Memorial Prize (1956) Dame Commander of the Order of th...

National Basketball Association team in Charlotte, North Carolina For the former minor league baseball team, see Charlotte Hornets (baseball). Charlotte Hornets 2023–24 Charlotte Hornets seasonConferenceEasternDivisionSoutheastFounded1988HistoryCharlotte Hornets1988–2002, 2014–presentCharlotte Bobcats2004–2014[1][2][3]ArenaSpectrum CenterLocationCharlotte, North CarolinaTeam colorsTeal, dark purple, gray, white[4][5][6]    ...

 

Next to YouSingel oleh Chris Brown featuring Justin Bieberdari album F.A.M.E.Dirilis21 Juni 2011DirekamDesember 2010Genre Pop R&B Durasi4:25LabelJiveKomponis musik Chris Brown Sevyn Streeter Azeem Alam ProduserThe MessengersKronologi singel Chris Brown She Ain't You(2011) Next to You(2011) Pot of Gold(2011) Kronologi singel Justin Bieber Pray(2010) Next to You(2011) Mistletoe(2011) Video musikNext To You di YouTube Next to You adalah sebuah lagu oleh penyanyi asal Amerika Serika...

 

يفتقر محتوى هذه المقالة إلى الاستشهاد بمصادر. فضلاً، ساهم في تطوير هذه المقالة من خلال إضافة مصادر موثوق بها. أي معلومات غير موثقة يمكن التشكيك بها وإزالتها. (مارس 2016)   هذه المقالة عن معتمدية الزهور بولاية تونس بالجمهورية التونسية. لالزهور، طالع معتمدية الزهور (تونس) (�...

The New York Times Первая страница газеты от 18 сентября 1851 Оригинальноеназвание англ. The New York Times[4] Тип ежедневная газета Формат широкоформатная[вд] Владелец The New York Times Company[вд] Издатель Сульцбергер, Артур Грегг[англ.] Страна  США[4][5][…] Редактор Джозеф Кан Главны�...

 

此條目可参照英語維基百科相應條目来扩充。 (2021年4月27日)若您熟悉来源语言和主题,请协助参考外语维基百科扩充条目。请勿直接提交机械翻译,也不要翻译不可靠、低品质内容。依版权协议,译文需在编辑摘要注明来源,或于讨论页顶部标记{{Translated page}}标签。 此條目的引用需要清理,使其符合格式。 (2016年4月9日)参考文献应符合正确的引用、脚注及外部链接格式。 �...

 

Rodrigo Jiménez de Rada Rodrigo Jiménez (atau Ximénez) de Rada (skt. 1170 di Puente la Reina, Navarra, Spanyol – 10 Juni 1247 di Rhone, di dekat Lyon, Prancis), juga dikenal sebagai Uskup Agung Don Roderic dari Toledo,[1] merupakan seorang uskup Katolik Roma dan sejarawan. Ia berasal dari sebuah keluarga bangsawan di Navarra dan dididik oleh pamandanya, Martín de la Finojosa, Abbas Santa María de Huerta dan Uskup Sigüenza. Karya De rebus Hispaniae[2][3] Hunnoru...

For other uses, see Battle Creek (disambiguation). 2017 American filmBattlecreekTheatrical release posterDirected byAlison EastwoodWritten byAnthea AnkaProduced by Alison Eastwood Tempe Hale Ricky Hill Stephen Hintz Constance L. Hoy Michael G. Wallace Starring Bill Skarsgård Paula Malcomson Claire van der Boom Toby Hemingway CinematographyDane LawingEdited byGary RoachProductioncompanies Maindiner Music & Film Red River Studios Distributed byHannover HouseRelease date November 3,...

 

Natural processes that remove soil and rock For other uses, see Erosion (disambiguation). An actively eroding rill on an intensively-farmed field in eastern Germany Erosion is the action of surface processes (such as water flow or wind) that removes soil, rock, or dissolved material from one location on the Earth's crust and then transports it to another location where it is deposited. Erosion is distinct from weathering which involves no movement.[1][2] Removal of rock or soi...