Namnet på byen kjem av det russiske ordet gorokh (kyrillisk горох), som betyr 'erter' og byvåpenet inneheld òg eit bilete av erteplanter.
Historie
Før austslaverarane vandra inn i området var det folkesett av den finsk-ugriskeMerja-stammen. Gorokhovets vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1239, da han vart øydelagd av mongolane. Ein meiner at det har vore ei festning der i fleire tiår før dette.
I 1539 var tatarar frå Kazan klare til å brenne ned byen men trekte seg tilbake etter å ha sett eit spøkelse i form av ein gigantisk riddar med et sverd. Etter dette vart fjellet der dette vart observert kalla Puzjalovo, dvs. «Den skremmande».
1600-talet vert rekna som gullalderen til Gorokhovets. Byen var då handelssenter for eit stort område, som omfatta dagens oblastar Vladimir og Ivanovo. Mange kyrkjer, kloster og andre bygningar vart bestilt og oppført av lokale handelsmenn på den tida. Spesielt verd å merke seg er klokketårna frå 1600-talet.