Gerhard Fritz Kurt Schröder (fødd 7. april 1944) var tyske kanslar frå 1998 til 2005. Han representerer det sosialdemokratiske partiet SPD.
Schröder er utdanna jurist, og jobba i mange år som advokat, før han blei politikar. Mellom 1990 og 1998 var han statsminister i Niedersachsen. 27. oktober 1998 vart han innsett som kanslar, og avløyste då Helmut Kohl.
I Forbundsdagsvalet 2005 fekk han sterk konkurranse om kanslarvervet frå Angela Merkel. Etter eit jamt val, tok ho over som kanslar i november 2005.
Bakgrunnsstoff