Kyrkja har eit enkelt ytre, noko som var vanleg på den tida kyrka vart bygd, men taket og veggane inn i kyrkja står i sterk kontrast til dette.
Alle veggane er måla i gult og raudt, og dekorert med blomstrar og drueklasar.
Det er også måla bilete av alle apostlane.
Veggane vart dekorert i 1658-60 av Nils målar.
Fleire delar frå stavkyrkja vart nytta om att, til dømes sideplankane i vestportalane.
Desse er pryda med utskjeringar av ormar og drakar som slyngjer seg om einannan.
Interiøret er rikt og fargestrålande dekorert.
Altertavla i kyrkja er ei typisk katekismetavle frå reformasjonstida.
Gaupne gamle kyrkje vert i dag nytta til spesielle markeringar som den årlege olsokgudstjenesta.
I 1909 var kyrkja gjeven som gåve frå kyrkjelyden til Fortidsminneforeninga.
Den nye soknekyrkja, Gaupne kyrkje, var då alt teken i bruk.