Fet kyrkje står på Indre Hafslo i Luster kommune i Vestland og er ei langkyrkje frå 1894. Byggmeister for kyrkja var John Alver medan arkitekten er ukjend.
Dette er den tredje kjende kyrkja i bygda. Den fyrste var ei stavkyrkje som truleg var sett opp som huskapell på 1200-talet. Ho stod til kring 1650 då ho vart erstatta av ei tømra kyrkje som i sin tur vart riven då dagens kyrkje vart bygd.