GUAM er ein regional organisasjon der landa Georgia, Ukraina, Aserbajdsjan og Moldova er medlemmar. Samarbeidet mellom dei tidlegare sovjetlanda tok til i 1997, og den noverande organisasjonen blei offisielt skipa i juni 2001. Usbekistan var medlem frå 1999 til 2005, og organisasjonen heitte då GUUAM. I dag er Tyrkia og Latvia med som observatørar.