Kakaen er ein mellomstor papegøye, som måler 45 cm i lengd og veg 390-560 gram, med eit gjennomsnitt på 452 g.[2] Han liknar den nærskylde papegøyen kea, men har mørkare fjørdrakt enn kea og er meir knytt til skog. Panna og krona er gråkvit og nakken er gråbrun. Halsen og buken er meir raudlege, medan vengene er meir brunlege. Begge underartane har ei sterkt mønstra brun / grøn / grå fjørdrakt med oransje og skarlakraude blinkar under vengene, det er vanleg med fargevariantar som viser raud til gul farge spesielt på brystet.
Lætet er ein hard 'ka-aa' og ein plystrande 'u-wiia'.[3]
Kakaen lever i låglandet opp til middels høgd i opphavleg skog. Dei sterkaste områda deira er for tida i reservat på Kapiti Island, Codfish Island og Little Barrier Island. Dei blei introduserte i eit verna område i Wellington der over 300 fuglar har blitt ringmerkt sidan 2002.[4]
Kakaen held seg hovudsakleg frå midten til toppen av trekrona. Ein kan ofte observere dei når dei flyg tvers over ein dal. Dei er veldig sosiale og flyttar seg i store flokkar, ofte saman med kea.
Kakaen byggjer reira sine i hòle tre, legg 2 til 4 egg i kullet på seinvinteren. Begge foreldra hjelper til med å fôre ungane. I eit godt fruktår kan paret ha to kull, ofte brukar dei det same reirhòlet til det andre kullet.