Free Fall er det andre studioalbumet til den amerikanske jazzfusiongruppa Dixie Dregs, gjeve ut i 1977. Det var det første albumet deira på eit større selskap, Capricorn Records.
Albumet består av instrumental fusion, stundom med country, som var uvanleg for sjangeren.[1] Allmusic skreiv om albumet: «Gitaristen Steve Morse viste seg å vere ein viktig, ny gitarist, og gav ein uforlikeleg stil med den teknikken som musikken krev. Musikken er kompleks og utfordrande, men det er lett å oversjå den solfylte tilnærminga deira. Medan dei fortsette med å lage meir fullstendige innspelingar, beviste denne at fusion hadde ei sjel.»[1]