Severity: Notice
Message: Undefined offset: 1
Filename: infosekolah/leftmenudasboard.php
Line Number: 33
Line Number: 34
FreeRice er ein velgjerdsnettstad der brukarane kan spela diverse læringsspel for å samla inn pengar til å få bukt med svolt i verda. Spela er kvissar innanfor fleire ulike fag, med fire svaralternativ for kvart spørsmål. Når ein vel rett svar, blir 10 riskorn donerte via FNs matvareprogram.[1] Dette blir betalt av private sponsorar. FreeRice vart skapt i 2007 av programmeraren John Breen.
I byrjinga gjekk spelet berre ut på å finna synonym til engelske ord, men i dag inneheld nettsida kvissar i fleire språk, og i emne som kjemi, matematikk (blant anna multiplikasjonstabellen), kunst og geografi.
Nettsida fekk prisen «Charity Find of the Year» av Yahoo! i 2007.[2]
Éin månad etter at programmet starta, hadde brukarane tent inn meir enn ein million riskorn, som ifølgje FNs matvareprogram er nok til å gi 50 000 menneske mat for ein dag.[3] Det blir anslått at 20 000 riskorn har nok energiinnhald til éin vaksen person for ein dag; etter dette reknestykket blir det via FreeRice gitt nok ris til å gi 7 000 menneske mat dagleg.[4] Dei seks første månadene donerte FreeRice 42 millionar riskorn.