Europameisterskapen i fotball 2013 var den 11. europameisterskapen i fotball for kvinner. For tredje gong fann meisterskapen stad i Sverige. Tittelforsvarar Tyskland vart europameister etter siger 1-0 over Noreg den 28. juli 2013 i Solna. Det var sjette gong på rad Tyskland vann EM-finalen.
Dei tolv kvalifiserte deltakarlanda var delt i tre grupper à fire lag. Omframt vertslandet Sverige deltok Danmark, England, Finland, Frankrike, Island, Italia, Nederland, Noreg, Russland, Spania og Tyskland. Spania var med i sitt fyrste europameisterskap, elles var dei elleve andre deltakarlanda også med i det forrige EM i 2009. Frå gruppespelet til kvartfinalane gjekk dei to beste laga i gruppene og dei to tredjeplasserte med flest poeng, eventuelt målskilnad.
Finalen mellom Tyskland og Noreg vart spelt på Friends Arena i Solna 28. juli 2013 framfor 41 301 tilskodarar. Dei fekk sjå Tysklands målvakt Nadine Angerer stoppe eit dårleg plassert straffespark frå Trine Rønning i det 29. minutt. Innbytar Anja Mittag vart matchvinnar for Tyskland i det 49. minutt, ettersom Angerer redda eit nytt norsk straffespark då kampen var ein time gammal, denne gongen eit heller svakt skot frå Solveig Gulbrandsen.