Fontaine Heights er ei rekkje fjell som strekkjer seg frå Mount Dewey til Cape Garcia på sørsida av Bigo Bay, på vestkysten av Graham Land i Antarktis. Dei vart kartlagde frå flyfoto og landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey frå 1955–57. Dei vart namngjevne av UK Antarctic Place-Names Committee etter Henri La Fontaine, ein belgisk dokumentalist. Fontaine vart med på å grunnlegge Institut International de Bibliographie i Brussel i 1895, og Office Central des Associations Internationales i Brussel i 1907. Han starta den universale desimalklassifikasjonen.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Fontaine Heights» (innhald frå Geographic Names Information System).