Fleet Point er eit kupert nes 4 nautiske mil nordvest for Tent Nunatak på austkysten av Graham Land i Antarktis. Neset har ein rygg som varierer frå 260 til 870 moh. Neset vart fotografert under fleire amerikanske ekspedisjonar frå lufta: U.S. Antarctic Service, 1939–41; Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 1947–48; U.S. Navy 1968. Det vart kartlagd av British Antarctic Survey (BAS) 1963–64, og vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee etter Michael Fleet i BAS-laget på Larsen isbrem, 1963–64.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Fleet Point» (innhald frå Geographic Names Information System).