Flaggship Mountain er eit markant, kjegleforma fjell, 1720 moh, som ragar over den sørlege delen av eit stort massiv mellom Northwindbreen og Atkabreen i Convoy Range i Victoria Land i Antarktis. Det vart namngjeve av den nordlege landmålingsgruppa frå New Zealand under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition (1956–58) etter USS «Glacier», flaggskipet til den amerikanske konvoien til McMurdo Sound i 1956–57, og som arbeidde i området i mange år.[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Flagship Mountain» (innhald frå Geographic Names Information System).