Flåm stasjon er endestasjonen på Flåmsbana og ligg på Fretheim i Flåm inst i Aurlandsfjorden. Stasjonen, og bana, opna i 1940. Ny stasjonsbygning vart opna i 1992.
Flåm stasjon ligg 356 km frå Oslo (om Roa) og 20,2 km. frå Myrdal stasjon. Stasjonen ligg på 2 moh. medan øvste stasjon på bana, Myrdal stasjon, ligg på 866 moh.[1]
I den gamle stasjonsbygningen ligg Flåmsbanemuseet. I tilknyting til stasjonområdet ligg Flåm cruiseskiphamn og Flåm ferjekai, og Europaveg 16 går ikkje langt unna. Frå kaien går det ferje i heilårsrute til Gudvangen inst i Nærøyfjorden og om sommaren går det snøggbåt til Balestrand og Bergen. Ved stasjonsområdet ligg det også busshaldeplass for lokale bussar og ekspressbussar, sjå Skyss. I området nær stasjonen ligg Fretheim hotel, Flåmsbrygga hotel, pensjonat, campingplass, vandrarheim, hytteutleige, daglegvarebutikk, postkontor, panoramakino, suvenirbutikkar og serveringsstader.