Ferdinand Reinhardt Bie (16. februar 1888–9. november 1961) var ein norsk friidrettsutøvar som tok OL-gull i femkamp under sommarleikane i Stockholm i 1912. Med dette vart han den første nordmannen som vann olympisk gullmedalje innan friidrett.
Øvingane var: (Bie sine resultat i parentes):
- lengde (6,85)
- spyd (46,45)
- 200 m (23,5)
- diskos (31,79)
- 1.500 m (5,07.8)
Gullmedaljen vart tildelt Ferdinand Bie først året etter OL, då amerikanaren Jim Thorpe vart diskvalifisert på grunn av dei dåverande proffbestemmelsane. I 1982 vart denne diskvalifikasjonen gjort om. Samtidig bestemte IOC at Ferdinand Bie framleis skulle stå oppført som olympisk meister i femkamp på lik linje med Thorpe.
Bie vart noregsmeister i lengde og på 110 m hekk under Noregsmeisterskapen i 1910 og fekk Kongepokalen dette året.
I 1911 vart han noregsmeister i tikamp. Han vann lengdekonkurransen i NM igjen i 1917.
Bie representerte Drammens Turnforening, seinare Kristiania Idrætsforening og Studenterne.
Bakgrunnsstoff