FIDA
FIDA er eit palestinsk politisk parti, som arbeider innanfor PLO. På norsk tyder det offisielle namnet Al-Ittihad al-Dimuqrati al-Filastini omtrent «Palestinas demokratiske union». HistorieFIDA vart skipa i 1990 ved ei kløyving i organisasjonen DFLP, der FIDA tok eit meir moderat standpunkt i den israelsk-palestinske konflikten. FIDA har prøvd å etablere seg som eit sekulært og demokratisk venstresidealternativ i palestinsk politikk. FIDA har eit ungdomsforbund, kvinnegrupper og faglege grupper, men ingen væpna fløy – ulikt mange andre palestinske politiske organisasjonar. Slagordet til FIDA er fridom, sjølvstende, rett til å vende tilbake, demokrati og sosialisme. Partiet presenterer seg som eit sekulært demokratisk-sosialistisk parti. FIDA er SV sin hovudsamarbeidspartner mellom dei palestinske partia. FIDA går inn for ei tostats-løysing basert på den grøne linja, det vil seie dei israelske grensene frå før 1967. Dei vil ha Aust-Jerusalem som hovudstad i eit sjølvstendig Palestina. Ved valet i 2006 samarbeidde FIDA med DFLP og Det palestinske folkepartiet (PPP) i alliansen Alternativ (al-Badeel). Dei fekk om lag tre prosent av stemmene, og har to representantar i nasjonalforsamlinga. Kjelder
Bakgrunnsstoff |