«Every Day I Have to Cry», òg kalla «Every Day I Have to Cry Some», er ein song skriven av Arthur Alexander og først spelt inn av Steve Alaimo i 1962. Songen er blitt spelt inn av mange artistar gjennom åra, men Alexander spelte ikkje inn sin eigen versjon før 1975. Hans versjon nådde 45. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista.[1] Ingen av dei andre versjonane nådde topp 40 i USA.[2]
Bee Gees-versjonen
Bee Gees spelte inn «Every Day I Have to Cry» som tenåringar i Australia. Denne versjonen vart spelt inn i Festival Studios i februar 1965 og markerte to viktige hendingar for gruppa. Det var første gong Robin Gibb song solo og Maurice Gibb spelte orgel.[3] Innspelinga vart gjeven ut med B-sida «You Wouldn't Know», skriven av Barry Gibb og seinare gjeven ut på The Bee Gees Sing and Play 14 Barry Gibb Songs.
Andre versjonar
Kjelder
- ↑ Alexander, Arthur, The Greatest, Ace Records, London, 2006,
liner notes
- ↑ Whitburn, Joel, ‘’The Billboard Book of Top 40 Hits’’, Billboard Books, NY 1992
- ↑ Joseph Brennan. «Gibb Songs: 1965».
Bakgrunnsstoff