Epidot, tidlegare kalla pistacitt, er eit grønt mineral. Det er særleg vanleg som ein bestanddel av lågmetamorfe bergartar, som grønskifer.
Det finst i større krystall på skarnførekomstar, som i Arendal og Oslofeltet, og saman med zeolittar på holrom i basalt.
Den kjemiske formelen er Ca2Al2(Fe3+;Al)(SiO4)(Si2O7)O(OH) og det er eit hydroksylhaldig silikat av kalsium, aluminium og jarn. Mineralet har monoklin symmetri.
Kjelder
- Raade, Gunnar. (20. januar 2012). Epidot. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
Bakgrunnsstoff