Ein Hatzeva (hebraisk skrift עֵין חֲצֵבָה, tyder Hatzevakjelda) er ein moshav sentralt i Aravadalen i Israel. Han ligg sør for Daudehavet og høyrer til Tamar regionale kommune.
Ein Hatzeva vart grunnlagd i 1960 som eit utilslutta gardsbruk og var ikkje anerkjent av styresmaktene. Grunnleggjarane prøvde å dyrke grønsaker i den tørre Aravadalen, og landsbyen fekk offisiell status då dei klarte dette.[1]
Han vart kalla opp etter den nærliggande Hatzevakjelda, som igjen har namn etter det arabiske namnet Ayn Husb. Staden var nemnd i greske tekstar som Eisebon.[1]
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 748. ISBN 965-448-413-7. (he)