East Grinstead er ein by i grevskapet West Sussex i England. Han har kring 24 000 innbyggjarar. Han ligg 43 km sør for London, 34 km nordaust for Brighton og 61 km nordaust for Chichester. Andre nærliggande byar er Crawley i vest, Tunbridge Wells i aust og Redhill og Reigate i nordvest. Byen har vakse saman med landsbyen Felbridge i nordvest. Fram til 1974 var East Grinstead administrasjonssenteret for distriktet East Grinstead og låg då i East Sussex.
Kjelder