EOS-utvaletStortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og sikkerheitsteneste (EOS-utvalet) er eit permanent kontrollorgan underlagt Stortinget. Rapporteringa til Stortinget skjer i form av årsmeldingar. Utvalet vart etablert i 1996 etter avsløringane gjorde av den såkalla Lund-kommisjonen og debatten etterpå. Stortinget konkluderte med at Politiets tryggingsteneste hadde drive med ulovleg overvaking av organisasjonar og individer på venstresida i norsk politikk, særleg på 60- og 70-talet.[1] EOS-utvalet fører tilsyn med Etterretningstenesta (ETJ), Forsvarets tryggingsavdeling (FSA), Politiets tryggingsteneste (PST) og Nasjonal tryggingsmynde, i daglegtale ofte kalla «EOS-tenestene» eller Dei løynlege tenestane. I 2018 hadde utvalet sju medlemmar, og vert leia av Eldbjørg Løwer. Medlemmane er Svein Grønnern, Eldfrid Øfsti Øvstedal, Øyvind Vaksdal, Håkon Haugli, Theo Koritzinsky og Inger Marie Sunde.[2] Kjelder
Bakgrunnsstoff |