Dykh-Tau eller Dykhtau (russisk Дыхтау) er eit 5 204 m høgt fjell i Kabardino-Balkaria i Russland, om lag 5 km nord for grensa til Georgia. Fjellet er det nest høgaste i Kaukasus (etter Elbrus), og om ein reknar Kaukasus nord for hovudkammen til Europa, det nest høgaste fjellet i Europa.
Tilkomst
Dykh-Tau er lettast å nå frå nord (Russland). Ein kan kome til kandsbyen Bezingi frå Naltsjik i Kabardino-Balkaria med offentleg transport. Fjelleiren ved Bezingi ligg 2180 moh. Frå her tar det vidare to dagar for å nå basen. Frå her tar det vidare to dagar å nå basen for å klatre opp fjellet.[1]
Klatreruter
Dette er ein av dei store toppane i Kaukasus og ligg ved den store Bezingiveggen Bezingibreen. Den første klatringa vart gjort i 1888 av Albert Mummery og Zarfluh. Ruta deira opp sørvestryggen vert ikkje lenger nytta som normalruta, som no er nordryggen.