Dusky Ridge er ein isfri fjellrygg, 9 nautiske mil lang og 2 nautiske mil brei, mellom Lieskebreen og Hintonbreen i Britannia Range i Antarktis. Ryggen vart namngjeven «Dusky Mountains» av gruppa som vitja Darwinbreen under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition (1956–58) på grunn av snømangel i fjellsida. Namnet vart endra til Dusky Ridge etter ei ny kartlegging av ryggen av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1960–62.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Dusky Ridge» (innhald frå Geographic Names Information System).