Douglas Peaks er ei gruppe fjelltoppar som ligg sør for Plummerbreen heilt søraust i Heritage Range i Ellsworth Mountains. Dei vart namngjevne av University of Minnesota Ellsworth Mountains Party, 1962–63. etter kapteinløytnant John Douglas i U.S. Navy, som var ein pilot som flydde til området for å evakuere ein i gruppa som måtte ha akutt blindtarmsoperasjon.[1]
Gliozzi Peak er med 1475 moh det høgaste fjellet i gruppa og vart først klatra Di Gilbert.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Douglas Peaks» (innhald frå Geographic Names Information System).