Ofte vil både mennesket og den domestiserte arten ha utbytta av prosessen. Mennesket bruker arten til nytte, hygge eller pynt, medan arten får hjelp til å overleva og spreia genene sine. Artar som har vore domestiserte i fleire generasjonar går gjennom eit selektivt utval, ei form for evolusjon, som gjer dei ulike ville artsfrendar, til dømes når det gjeld oppførsel, formeiring, vekst og utsjånad. Samstundes er det mogleg at naturleg utval har bidrege til å gjera nokre medlemmer av ein art lettare å domestisera.
Historie
Tidsline for domestisering av dyr. Årstal er ikkje stadfesta nøyaktig.
Hunden var truleg den første dyrearten som blei domestisert, og spreidde seg til nesten alle menneskesamfunn. Ein reknar med at tamhunden skilde lag frå ulven for minst 15 000 år sidan, kanskje mange tusen år før. Ein ser for seg at han kan ha blitt domestisert gjennom at ulvevalpar blei oppfostra av menneske og dermed sosialiserte, eller ved at flokkar av ulvar blei gradvis meir vane til menneske og tok til å halda seg nær dei for å få matrestar. Dei kan deretter ha blitt nærare knytte til menneske ved å delta i jakt, som vakthund, trekkhund, kanskje også som kjøt- og pelsprodusent.