Det store arktiske statlege naturreservatet (russisk Большой Арктический государственный природный заповедник; Bolsjoj Arktitsjeskij posudarstvennyj prirodnyj zapovednik) er eit naturreservat i Krasnojarsk kraj i Russland. Med eit areal på 41 692 km² er reservatet det største i Russland og Eurasia, og eit av dei største i verda.
Det vart grunnlagd 11. mai 1993 av Resolusjon nr. 431 frå dei russiske styresmaktene. Naturreservat i Russland vert kalla zapovednik.
Mange dyr og planter held til i naturreservatet utan å verte forstyrra av menneske. Av dyr i reservatet finn ein isbjørn, fjellrev, snøugle, reinsdyr og kvitkval.