Snever geografisk avgrensing av Det nære austen
Det nære Austen eller «Den nære Orienten» er ei nemning for landområda som tidlegare høyrde til Det ottomanske riket , i dag helst avløyst av omgrepet Sørvest-Asia.
Omgrepet har helst vore bruka av arkeologar , geografar og historikarar , mindre av journalistar og i politisk samanheng, om landområda Anatolia (den asiatiske delen av det moderne Tyrkia ), Levanten (Asias kystland ved Middelhavet ), Georgia , Armenia , og Mesopotamia (Irak og austre Syria ). Det alternative omgrepet Midtausten , som gjerne vert føretrekt i politisk og økonomisk samanheng, vert ikkje bruka parallelt med dette omgrepet.
Omgrepet kjem frå engelsk og kom i bruk i Europa i 1890-åra.
Den britiske arkeologen David George Hogarth definerte i boka The Nearer East (1902) området til også å omfatte Albania , Montenegro , sørdelen av Serbia og Bulgaria , Hellas , Egypt , heile Det ottomanske riket , heile den arabiske halvøya og vestre delen av Iran .
Sjå òg
Kjelder
Kunnskapsforlaget store norske leksikon