Riksvåpenet til republikken vart bytta ut då Estland var okkupert av Sovjetunionen frå 1940. Det viser ei oppstigande sol, framheva ved solstrålar, dei kommunistiske symbola hammar og sigd og den raude stjerna omgjevne av kornaks og ein kvist frå eit nåletre. Aksa og kvisten er omgjevne av eit band med tre tekstar: «Eesti NSV» for Eesti Nõukogude Sotsialistlik Vabariik, Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken; «Пролетарии всех стран, соединяйтесь!» for Proletarar i alle land, samein dykk på russisk; «Kõigi maade proletaarlased, ühinege!», same motto på estisk.
Det vesle riksvåpenet til Estland, utan eikegreinene