Denizli
Denizli er ein veksande industriby sørvest i Tyrkia og i austenden av ein elvedal danna av Büyük Menderes. Byen har 511 751 innbyggjarar (2011). Kommunen Denizli er hovudsetet i provinsen Denizli.
Hovudsakleg på grunn av tekstilproduksjon og eksport har Denizli gjennomgått ei merkverdig økonomisk utvikling sidan 1980-åra.[1] Denizli vert ofte nemnd som eit godt døme på ein av byane som vert rekna til «Dei anatoliske tigrane» (tyrkisk: Anadolu Kaplanları), på grunn av det høge utviklingstempoet han har hatt.[2]
Mange turistar vitjar varmekjeldene ved Denizli, Sarayköy, Karahayıt, Pamukkale, Akköy (Gölemezli), Buldan (Yenicekent) og Çardak-distrikta. Vidare ligg fleire ruinbyar nær Denizli, som Hierapolis, Laodicea (den gamle metropol Frygia) og Colossae.
Klima
Om sommaren er det særs varmt i byen, medan vintrane kan vere kalde med snø på fjella som ligg kring Denizli. Klimaet om våren og hausten er mildt og den våtaste tida på året.
Vêrdata for Denizli
|
|
Jan
|
Feb
|
Mar
|
Apr
|
Mai
|
Jun
|
Jul
|
Aug
|
Sep
|
Okt
|
Nov
|
Des
|
År
|
Høgast målte °C
|
22,3
|
25,9
|
30,8
|
35,8
|
37
|
42,4
|
43,9
|
44,4
|
41,6
|
34,4
|
29,3
|
25,1
|
44,4
|
Gjennomsnittleg maks °C
|
10,6
|
11,9
|
15,9
|
20,6
|
26,4
|
31,5
|
34,6
|
34,4
|
29,9
|
23,8
|
16,9
|
11,9
|
22,4
|
Gjennomsnittleg min °C
|
2,3
|
2,8
|
5,2
|
9,2
|
13,4
|
17,7
|
20,5
|
20,1
|
16
|
11,6
|
6,9
|
4
|
10,8
|
Lågast målte °C
|
−9,3
|
−10,5
|
−7
|
−2
|
2,7
|
7,9
|
13,1
|
12
|
7,5
|
0,4
|
−4,2
|
−6,3
|
−10,5
|
Gjennomsnittleg nedbør mm
|
80,4
|
73,1
|
65,1
|
57,4
|
39
|
24,6
|
19,6
|
9,8
|
14,8
|
35
|
65,5
|
85,4
|
569,7
|
Gns. solskinstimar i månaden
|
114,7
|
120,4
|
176,7
|
204
|
282,1
|
336
|
365,8
|
341
|
276
|
204,6
|
141
|
102,3
|
2 664,6
|
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[3]Weather2[4]
|
Namn
Byen var tidlegare kjend under namnet Denizli Ladik som tyder «Laodicaea ved (inn)sjøen», sjølv om byen ikkje ligg ved kysten. Namnet har hatt fleire ulike skrivemåtar, og kan ha vist til alle dei naturlege kjeldene eller plasseringa til byen på vegen til innsjøregionen i det vestlege Tyrkia.
Kjente folk
Venskapsbyar
Denizli har offisielle venskapsband med:
- Amasya, Tyrkia
- Bursa, Tyrkia
- Muş, Tyrkia
- Tokat, Tyrkia
- Almelo, Nederland
- Pavlodar, Kasakhstan
- Tbilisi, Georgia
- Brăila, Romania
- Samara, Russland
- Rhodos, Hellas
- Betzdorf, Tyskland
- Mogilev, Kviterussland
- Larissa, Hellas
- Lodz, Polen
- Damascus, Syria
- Jiaozhou, Kina
- Betzdorf, Tyskland
- Sarajevo, Bosnia
- Muan, Sør-Korea
- Kazvin, Iran
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
|