Utbreiinga til Den gylne horden i 1389
Den gylne horden (mongolsk Altan Orda [treng kjelde ] ) var ein mongolsk stat som oppstod i delar av dagens Russland , Ukraina og Kasakhstan etter delinga av Mongolriket på 1240-talet. På sitt største omfatta området Den gylne horden herska over mesteparten av europeisk Russland frå Uralfjella til Karpatane og langt inn i Sibir . I sør grensa landet til Horden til Svartehavet , Kaukasus og territoria til det mongolske Ilkhanatet .
Hovudstaden til Den gylne horden var Saraj , ei nemning for to ulike byar som begge låg nær elva Akhtuba .
Avløysarstatar
Etter at Den gylne horden braut saman oppstod det ulike khanat (statar styrte av khanar ) i det tidlegare territoriet til staten, som:
Kazan blei erobra av russarane i 1552, Astrakhan i 1556 og Sibir-khanatet i 1582. Krim-khanatet overlevde, til dels som ein vasall av Det osmanske riket , fram til 1783.
Kjelder