Det bur rundt 2,3 millionar mongolar i Mongolia, 4 millionar i Indre Mongolia og 2 millionar i naboprovinsar. I Kina er dei éin av 56 anerkjende nasjonalitetar.
Namnet monggol er først kjend frå kinesiske tang-skrifter frå 700-talet, men blei først brukt omatt på 1000-talet under khitanriket. Medan det først viste til nokre småstammar som heldt til ved Ononelva, blei omgrepet på 1200-talet utvida til å omfatta ei stor eining mongolar og tyrkarfolk samla under Dsjenghis Khan.[1] Desse mongolane blei kjende og frykta som dyktige og brutale krigarar over store delar av Asia og Europa.