Zacatecas er ein delstat i den sentral-nordlege delen av Mexico. Hovudstaden er Zacatecas og den største byen er Fresnillo. Arealet er 75 539 km². I 2015 var innbyggjartalet 1 690 868.
Zacatecas grensar til Durango i nord-vest, Coahuila i nord, San Luis Potosí i aust, Aguascalientes og Guanajuato i sør, og Jalisco og Nayarit i sør-vest.
Namnet Zacatecas kjem frå nahuatl. Zacatl er ordet for den grastypen som veks i området.