Utbreiinga av nahuatl. i Mexico. Raudt viser byar der språket er det mest utbreidde. Grønt viser kvar nahuatl blei tala like før europearane kom til Amerika.
Nahuatl, aztekisk, er eit uto-aztekisk språk som vert snakka av om lag 1,5 millionar menneske i dei sentrale delar av Mexico. Det er det mest utbreidde språket i Mexico etter spansk, og er rekna som «nasjonalspråk» med same «verdi» som spansk og dei andre urfolksspråka i landet i den meksikanske loven om språklege rettar.[2]
Ein variant av språket blei tala av dei gamle aztekarane. I norsk har mellom anna lånorda «kakao» og «sjokolade» (cacahuatl, chocolatl), «avokado» (ahuacatl) og «tomat» (tomatl) blitt tatt opp frå nahuatl.