Deir al-Hatab (arabisk دير الحطب) er ein palestinsk landsby i Nablus guvernement nord på Vestbreidda, aust for Nablus. Heile landsbyen ligg i «Område B» som gjer at Den palestinske sjølvstyresmakta har kontroll over sivile saker, medan Israel er ansvarleg for tryggleiken.[1]
I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Deir al-Hatab eit folketal på over 2 213 innbyggjarar i 2007.[2]
Den israelske busetjinga Elon Moreh vart grunnlagd innafor grensene til Deir al-Hatab's jurisdiction, og dekkjer nesten 2 000 mål av landområdet til landsbyen.[1] [treng kjelde]