Asira al-Qibliya ligg på ein eldgammal stad i lågt lende. Tilhogde steinar er blitt brukte om att i husa i landsbyen og til å byggje jordbruksterrassar. Ein har òg funne cisterner hogde ut i berget, i tillegg til bysantinsk keramikk.[3]
Osmansk tid
Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som 'Asirah i Jabal Qubal nahiya i Nablusliwa. Han hadde eit folketal på 33 hushaldningar og seks ungkarar, alle muslimar. Innbyggjarane i landsbyen betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, og geiter og/eller bikubar.[4]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen (som han kalla A'sirah) i 1870, og estimerte at han hadde tre hundre innbyggjarar. Han skreiv vidare at medhafeh, eller gjestehuset, låg på den høgaste staden i landsbyen.[5] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Asiret al Kibliyeh som ein mellomstor landsby i lågt lende, med ein brunn i søraust.[6]
Det britiske mandatet
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde 'Asira al-Qebliyeh eit folketal på 282, alle muslimar,[7] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 326, framleis alle muslimar, i 84 hus.[8]
I 1945 var folketalet 410, alle arabarar, med 6 437 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 345 mål var plantasjar og irrigert land, 2 963 vart nytta for korn,[10] medan 57 mål vart utbygd land.[11]
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 59
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 105
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 155
Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress.
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN3-920405-41-2.