Dei sørlege Karpatane (rumenskCarpaţii Meridionali), òg kalla Dei transilvanske Alpane, er ei fjellkjede mellom sentrale og sørlege område i Romania på eine sida og Serbia på den andre[1] Dei dekkjer delane av Karpatane som ligg mellom elvane Prahova i aust og Timiș og Cerna i vest. I sør grensar dei til Balkanfjella i Serbia.
Fjelltoppar
Dei sørlege Karpatane er den nest høgaste fjellgruppa i Karpatane etter Tatrafjella med høgder på over 2500 meter over havet. Sjølv om dei er langt lågare enn Alpane er landskapet alpint. Den alpine utsjånaden og at fjella er lett tilgjengeleg har gjort dei til populære turistdestinasjonar.
Trass i desse høgdene er dei lettaste fjellovergangane i Karpatane i Romania langs elvane som kryssar fjellkjeda (Olt) eller langs dei vide dalane (langs elvane Prahova og Jiu).
Fjellkjeder
Frå aust til vest finn er fjellkjeda delt inn i fire fjellgrupper som er skild frå kvarandre av forskjellige elvedalar.