Dei grensar i nord til Făgărașsenkinga, der elva Olt renn og i vest til Oltdalen (Valea Oltului). Byen Făgăraș ligg nord for fjella. Den viktigaste byen i området er Sibiu.
Det er mange bresjøar i fjella. Bâlea (2034 m, 46 508 m², 11,35 m djup) er den største innsjøen. Den høgastliggande innsjøen er Hărtopul Leaotei og den djupaste er Podragu (2140 moh, 28 550 m², 15,5 m djup). Andre innsjøar er Urlea (2170 m, 20 150 m²) og Capra (2230 m, 18 340 m²).
Făgărașfjella er eit populært turområde og ein skidestinasjon.