«Dancing with Tears in My Eyes» er ein song av Ultravox og den andre singelen frå Lament, gjeve ut i 1984.
Singelen sette Ultravox attende på kartet og nådde tredjeplassen på UK Singles Chart,[4] og topp 10 i fleire europeiske land. Songen gjekk òg inn på listene i Australia og Canada, men ikkje i USA.
7"-singelen kom ut i tre versjonar: med standard biletomslag, med dobbeltfalsa omslag og med dobbeltfalsa omslag og plata i klår vinyl. Alle versjonane hadde same katalognummeret og same innhald. 12"-versjonen av singelen kom ut i to versjonar der omslaga var noko forskjellige.
B-sida «Building» er ein pianoballade. «Dancing with Tears in My Eyes» var den andre songen Ultravox framførte på Live Aid-framsyninga si på gamle Wembley Stadium, den 13. juli 1985.[5]
Musikkvideoen handlar om ei nedsmelting i eit atomkraftverk.