Før Akerø gjorde ferdig mastergraden sin,[2] byrja han mediekarrieren sin som utanriksreporter i NRK Radio i 1979. Han vart seinare forfremja til nyhendeanker i Dagsrevyen. I 1986 vart han programleiar for prateprogrammet SenFredag, det fyrste av sitt slag på norsk fjernsyn. Han følgde opp med LørDan,[1] som gjekk frå 1987 til 1990. Frå 1990 til 1992 var han underdirektør for kultur og underhaldning i NRK.[3]
I 1992, då NRK-rivalen TV 2 vart starta, vart Akerø rekruttert dit.[1] Der var han programleiar for opningsprogrammet,[3] i tillegg til andre underhaldningsprogram.
Seint på 1990-talet var han med på å starte netthasardføretaket Global Money Games. Styreleiaren i dette føretaket var den tidlegare politikaren Pål Atle Skjervengen. Føretaket vart etter kvart kjent som ei børsboble, men Akerø selde seg ut før føretaket gjekk dukken i 1998.[5] Han har seinare starta eit lønsamt investeringsføretak med namnet Danpower International AS.[6] Likevel tapte han ved eit høve 1 500 000 norske kroner personleg gjennom ei feilslått investering i hotellbransjen.[7]
Akerø vende tilbake til NRK i 1999 og var deretter programleiar for Den store klassefesten. Mellom 2000 og 2005 hadde programmet mellom 986 000 og 1 411 000 sjåarar.[8] For dette programmet fekk Akerø to Gullruten-prisar, i 2001 og 2003. Han er òg kjend som programleiar av musikkonkurransen Kjempesjansen,[1] i tillegg til ei ny runde med LørDan.[9] Han var òg programleiar for den årlege Idrettsgallaen og 2007-[10] og 2008-versjonane[11] av TV-aksjonen.
I 2011 og 2013 var han attende som programleier i NRK med sitt eigenutvikla konsept QuizDan.
Kjelder
Knut Olav Åmås [red.]: «Akerø, Dan Børge» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)