DS «Titan» (kallesignal MFVD - LFBY) var ein dampdriven slepebåt bygt i 1909 for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) for bruk på Bergen hamn.
Historie
Slepebåten vart levert frå Bergen Mekaniske Verksted i desember 1909 for 30 269 kroner[1] og var i flåten til BDS i Bergen heilt fram til 1958. I september dette året vart båten omdøypt «Musca» og i november vart han selt til Brødrene Anda i Stavanger.[2] Han fekk då namnet «Jadarholm» og vart nytta i samband med opphogging av andre båtar.[3] I 1961 vart båten selt til Abraham Bjellebø i Fjelberg og i 1963 sletta frå skipsregistret.
Skipet
Tonnasjen til skipet var ved levering 41 bruttoregistertonn og 17 nettoregistertonn. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin, levert av BMV. Oppgjeven yting var 110 iHk (indikerte hestekrefter) som gav ein toppfart på 9 knop.[1]
Sjå òg
Kjelder
|
---|
1852-1900 | |
---|
1900-1925 | |
---|
1926-1950 | |
---|
1951-1975 | |
---|
1976-1987 | |
---|
Delvis eigde fartøy | |
---|