Karriere
|
Noreg |
Namn: |
DS «Ursa» |
Eigar: |
Det Bergenske Dampskibsselskab |
Verft: |
Bergen Mekaniske Verksted i Bergen |
Byggekostnad: |
239 741 kr[1] |
Verftsnummer: |
169 |
Jomfrutur: |
juni 1911 |
Heimehamn: |
Bergen |
Kjennemerke: |
MGRC - LFET |
Lagnad: |
Opphogd 1960 |
Generelle mål
|
Tonnasje: |
945 brt, 635 nrt |
Daudvekt: |
1430 tdw. |
Lengd: |
214,3 fot (65,3 m) |
Breidd: |
32,2 fot (9,8 m) |
Djupgang: |
13 fot (4,0 m) |
Installert effekt : |
106 nHk, 552 iHk |
Framdrift: |
Triple 3 cyl. dampmaskin (BMV) |
Fart: |
9 knop |
Karriere
|
Noreg |
Namn: |
DS «Renvik» |
Eigar: |
Ola T. Flakke |
Kjøpt: |
november 1948 |
Heimehamn: |
Kristiansund |
Karriere
|
Vest-Tyskland |
Namn: |
DS «Leerort» |
Eigar: |
Willy Burns |
Kjøpt: |
mars 1957 |
Heimehamn: |
Leer |
DS «Ursa» (kallesignal MGRC - LFET) var eit dampskip bygt i 1911 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).
Historie
Skipet vart bygd ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og kosta 239 741 kr[1] då det vart levert i juni 1911.[2]
I 1917, under første verdskrigen, vart skipet rekvirert av Shipping Controller i Storbritannia og Temple, Thomson & Clark tok over som operatør. Det vart levert attende til BDS i 1919.
I 1940 vart det sett inn kjølerom i stor- og akterrom, men alt same året braut det ut brann i storrommet medan skipet var i København. Skipet vart reparert i Helsingør.
I november 1948 vart skipet selt til Ole T. Flakke i Kristiansund og fekk namnet «Rensvik». Skipet vart selt vidare til Willy Burns i Leer i Vest-Tysklan i mars 1957 og fekk då namnet «Leerort». I 1960 vart skipet selt til Belgia for opphogging.
Skipet
Tonnasjen til skipet var ved levering 945 brt, 635 nrt og lasteevna var 1430 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1751 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Bergen Mekaniske Verksted. Oppgjeven yting var 552 iHk (indikerte hestekrefter) og 106 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop.[1]
I 1930 fekk skipet straumlinjeror og i 1939 vart det sett inn radio og peileapparat.
Sjå òg
Kjelder
|
---|
1852-1900 | |
---|
1900-1925 | |
---|
1926-1950 | |
---|
1951-1975 | |
---|
1976-1987 | |
---|
Delvis eigde fartøy | |
---|